Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Det uttrykker innsenderens mening.
Jenny Klinge sin kronikk i Verdens gang 19. juni med kritikk av skulebøker som gjev feil opplysningar om kjønn, har vekt debatt. Den debatten treng vi, men typisk nok tek ein personen og ikkje ballen. Kva med å debattere det ho verkeleg tek opp, nemleg ideen om kjønn som noko ein kan velje? Klinge vert kritisert for å ha samanlikna menneske med anna liv på planeten, som høner og hanar. Det er altså eit bilete, ei likning. Det tyder ikkje at ho trur vi er fjørkre. At mennesket er ein del av naturen bør ikkje kome som eit sjokk.
Noko anna som er vanleg er å blande ulike grupper som ikkje høyrer i hop. Ein plasserer til dømes transpersonar og homofile i same gruppe og meiner Klinge angrip dei. Ho gjer ikkje det i det heile. Ho snakkar prinsipielt om ideen om flytande kjønn. Det er ein ny ide som var fjern for dei som byrja kampen for homofile sine rettar. Homofili har grunnlag i den materielle verda og tyder seksuell dragning mot vaksne av same kjønn. Det bør vere eit interessant spørsmål i debatten om kjønn om ein i det heile kan vere homofil dersom kjønn ikkje er ein fast storleik.